DUGNADSTUR Aravatnet - Ytsta Sørlivatnet

Fellestur

Dato
26. september kl. 10:00 - 16:00
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dugnadstur
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Stord-Fitjar Turlag
Dette arrangementet er over!

Oppgradering sti mellom Aravatnet og Ytsta Sørlivatnet via Hedledalen

Denne stien på ca 2 km lang og var meir brukt i tidlegare tider, og har etterkvart vorte vanskeleg å finna att mellom buskar og kratt. Nye bruer (annan dugnad) over utløpet frå Ytste Sørlivatnet kjem etterkvart. Dette gjev oss fleire rundturar i fjellet, mellom anna frå Dalshaugane via Hedledalen, Aravatnet; Insta Sørlivatnet og ut att, eller via Kongsskogen, Kløvskar, Botn og ut att derifrå. Frå Lundsseter via Sørlileitet, Insta Sørlivatnet, Ytste Sørlivatnet; Hedledalen, Tysebotnen og ut att.
Me startar arbeidet både frå Ytsta Sørlivatn og frå Aravatnet. Oppmøte vert på p-plass Dalshaugane og Lundsseter kraftstasjon innan kl 10:00. Arbeidet består først og fremst av å rydda og merka den gamle stien. Frå Sørli-sida må nokre rotvelter kuttast med motorsag, elles vert det bruk av brakasakser og vardebygging og raude merkepinnar/ T-merking.
Me håpar på brei oppslutnad om haust-dugnaden - slik at stien igjen framstår freistande.
Dugnadsleiarar Geir Tore Søreide, tlf 91845574 og Arne Haugland, tlf 90726108