ELVEVADING i Vad elva

Fellestur

Dato
16. september 2020 kl. 16:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Elvevading
Arrangører
DNT-Ung Stord-Fitjar Turlag, Stord-Fitjar Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

DNT Ung Stord-Fitjar startar hausten 2020 med elvevading i Vad-elva, ca 1 km vading. Oppmøte  kl 16:30 ved parkeringsplassen på Vad der ein krysser elva for å gå til Ravatnet.  Me startar vadinga ca kl 17:00 når alle har fått på seg våtdraktar og er klare. Me skal vade og bada oss oppover elva til Haglandskverna. Det blir kulpebading og hopping i kulpane. For dei som ikkje har våtdrakt tar me med draktar frå BUA for utlån. Hjelm skal brukast (f. Eks sykkelhjelm, skatehjelm eller klatrehjelm). Skotøy etter ynskje, men gjerne gamle joggesko ein ikkje er så redd for. Me brukar badetøy under våtdraktane, eller evt ull. Ein kan også nytta tights/ullundertøy i staden for våtdrakt. Ta med tørre byteklede og sko i ein lett sekk/bagg. Desse samlar ein av turleiarane inn, og fraktar til Hauglandskverna der ein  ventar på vadarane med tørre klede og pølser på bålpanna. 

For retur går me på skogsveg ca 1km tilbake til der me starta. Me reknar å vera ferdige ca kl 19:30

Ta med: Hjelm, enkel flytevest,  tørre bytteklede, våtdrakt (om du har), og ekstra sko til vadinga. 
 

Me følger reglar for covid-19 og held min 1m. avstand til kvarandre. Maten vert servert av ein person. Det vert handvask/ spriting av hender før mat. Alle deltakarar må være utan symtom på covid-19 og me vil registrere alle som deltar for evt smittesporing i hht FHI sine rettningslinjer. Flott om de melder dykk på via mail til dkoppang@gmail.com på førehand dersom ein veit ein skal delta. Velkommen, dette blir gøy! 

ELVEVADING i Vad elva

DNT Ung Stord-Fitjar startar hausten 2020 med elvevading i Vad-elva, ca 1 km vading. Oppmøte  kl 16:30 ved parkeringsplassen på Vad der ein krysser elva for å gå til Ravatnet.  Me startar ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Signe Kristin Hovland
  • Dagfinn Koppang