Djubadalen - HAUGESUND (2) Start kl 0900 frå Vabakkjen

Fellestur

Dato
11. november kl. 09:00 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa Stord-Fitjar
Turkode
2020 Senior

Seniortur 2 til Djupadalen-Krokavatnet 11. november 2020.

Djupadalen er Haugesund si bymark, og ligg rett utanfor sentrum, aust for byen. Stadar som Eivindvatnet, Orkjo, Kattanakk, Jøtnafjell, Krokavatnet, Presten, Søre Krokavassnuten og Steinsfjellet er nokre av dei mest kjende turmåla i dette området, og eit stort nettverk av grusvegar og stiar merka og umerka, bitt heile området saman, og gjer det rimeleg lett å finna fram.  

Me kjører frå Vabakkjen kl. 0900 mot Haugesund via Sveio. I rundkjøringa ved Flotmyr tar me Skjoldaveien (rv.47) til Djupadalen parkering ved Steinerskulen, kjøretid ca. 50 min. Fotturen startar ved Eivindvatnet, går langs dette på god grusveg til me tar av mot Krokavatnet sør i nordaustleg retning. Etter ei stund går grusvegen over i sti, og me byrjar stigninga mot Krokavatnet, held fram rundt dette, går deretter opp på Steinsfjellet(224 moh) og nyt den flotte utsikta over Haugesund og Haugalandet før me snur attende til Djupadalen.

Heile turen er ca. 7 km lang. Lett til middels tur. Noko stigning og litt kroglete sti einskilde stader. Kan vera vått og glatt.

 


Turleiarar:
Anne Eldøy Mob. 909 34 372  og  Birger Taranger  Mob. 915 63 034

 

Det kjem meir info i lokalpressa.

Generelle vilkår som kan være lurt å lesa

https://www.bergenoghordalandturlag.no/generellevilkar/

Kontaktinformasjon: