Svartavatnet - Store Tjødnadalen - STORD (1)

Fellestur

Dato
2. september kl. 10:00 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa Stord-Fitjar
Turkode
2020 Senior

Turbeskrivelse:
Rundtur med start på Heio.
Stien går i flatt lende forbi ‘Steinen’ og opp Stegane til Ravnaskukkjen.
Fin utsikt til Langenuen, Tysnes og Kvinnherad. Gjennom bjørkeskog til Svartavatnet.
Stien går like inntil anleggshytta for kraftutbygginga og på tilrettelagt gangveg langs oppgraderte steindemningar.
Vidare flatt innover langs idyllisk vass- kanal (vasstunnel frå Strupen) og opp Nipalio til stikryss i Strupen øvst i Børtveitsdalen.
Følg stien forbi nordsida av Stemmetjødno til stikryss i Store Tjødnadalen.
Følg sti gjennom Store Tjødnadalen og opp til Litle Tjødnadalen, vidare forbi Martebrotet til nedstigning i Kvelve og Fossabrekko/Sherpatrappen.


Middels tur
Start: Heio
Turleiar: Arne Haugland   Mob. 907 26 108

Det kjem meir info i lokalpressa og på nettsida vår.

 

Generelle vilkår som kan være lurt å lesa.

https://www.bergenoghordalandturlag.no/generellevilkar/

Kontaktinformasjon: