Gullberg - Festningen STORD (2)

Fellestur

Dato
25. november kl. 10:00 - 12:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa Stord-Fitjar
Turkode
2020 Senior

Turbeskrivelse:

Mer! Denne gongen blir blir Festningen og historia rundt denne prioritert.


I Gullberg kan ein sjå merkje etter den eldste gruvedrifta på Stord som starta i 1689 då dei leita etter kopar.
Namnet Gullberg kjem av at koparkisen glimtar som gull i fjellet.
Siste gong det var gruvedrift i Gullberg var i 1860-1870.
Stordø Kisgruber tok over i 1915 og prøvde med diamantboring, men dei fann lite.
Oppe på Store Gullberg er det restar etter ein signalstasjon frå krigen og her er utsikt til Bjoa, Tittelsnes, Borgundøya og Bømlafjorden heilt sør til Sletta.
Ein må opp til Litla Gullberg, 81 moh, for å få den finaste utsikta.
Heile dette vesle naturområdet er kjend for sitt mangfald av blomar, kristorn, krossved og bererberis. 
I delar av skogen vert det dreive juletreproduksjon.


Lett tur

Merk. Som eit koronatiltak ber me om at flest mogeleg nyttar nettpåmeldinga på denne nettsida.


Turleiar: Hans Christian Junge   Mob. 901 33 508

Det kjem meir info i lokalpressa og på nettsida vår.

 

Generelle vilkår som kan være lurt å lesa.

https://www.bergenoghordalandturlag.no/generellevilkar/

Kontaktinformasjon:

  • Hans Christian Junge
  • Tlf. +47 901 33 508

Turleder:

  • Hans Christian Junge