Kveldsmattur med Barnas Turlag Stord-Fitjar

Fellestur

Dato
15. januar kl. 17:00 - 19:00
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kveldsmattur
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Barnas Turlag Stord-Fitjar
Turkode
2020
Dette arrangementet er over!

Kveldsmattur med Barnas Turlag Stord-Fitjar er gratis og passer for alle som ønsker å gje sine barn gode opplevingar ute i våre nydelege omgjevnader.

Me publiserer informasjon om kor turen går på vår facebook-side  ca ei veke i forkant. 

Dette er meint som ei lågterskel-tilbod og målet er å få med flest mogleg på tur, difor er turane også godt egna for barnevogn (er du i tvil, så send spørsmål til Barnas Turlag).

Ein typisk kveldsmattur er at me går i samla flokk ein tur på ca 15-20 minutter til ein kjekk rasteplass, der me fyrer i bål, et kvelds og leiker i naturen. Så går me i samla flokk tilbake, med mett mage og full av fine natur-inntrykk.