Turforslag 30. Gradering: Blå løype

Litlabø – Dalskardvatnet – Rutletjødno – Litlabø   4 timar 

Stad: Litlabø

Turkart: Stord – Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Gruvemusèet, Litlabø. Rundtur. Turstien startar ved tårnet.

Parkering: Ved Heishuset og tårnet er det gode parkeringstilhøve. Her kan og bussar parkera. Frå E39 tek ein av mot Litlabø og fylgjer vegen 3 km til ein kjem til Litlabø. Her tek ein til høgre opp mot gruvene og Rødkleiv.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.   

Gradering: Blå middels fottur. 3 støvler etter DNT-systemet

Høgdeskilnad: 35– 260 moh.

Tidsbruk: 4 timar

Turskildring: 

Gå attende til vegen og følg denne opp til Rødkleiv. Deretter på god sti ca. 1km opp Stordalen til skilt merka Dalskardvatnet, til venstre og på god sti som som delvis fylgjer bekken som kjem frå Dalskardvatnet. Følg stien til høgre før demninga ,og følg denne til skiltet Rutletjødno. Fortsett i småkupert terreng til demningen. Bratt ned til Rutletjødno. I den storvokste skogen er det eit yrande fugleliv, og ei mengde blomar.Kanskje får du sjå den skjeldne Kvitryggspetta her. Følg stien ned til skiltet til Litlabø og fortsett på god sti gjennom granskogen til du er inne på turvegen (lysløypa) ,og vidare attende til Litlabø..

Skilting:  Infotavle ved start , 3 skilt  Dalskardvatnet , 1 skilt Rutletjødna , 2 skilt Litlabø

Dalsgardsvatnet
Dalsgardsvatnet Foto: Wenke Åse